Linn og Espen møtte eg først i lillesøsters utdrikningslag og bryllup. Veldig festlige folk og me fant fort tonen. Ikkje lenge etter forlova dei seg og det var veldig stas då dei tok kontakt og ville ha meg som bryllupsfotograf året etter. 23.september 2017 var den magiske datoen.

Nokre få veker før bryllupet møtte eg dei og dei to ungane i Ledaal parken. Me snakka og knipsa litt bilder. Det er alltid greit at det kommande brudeparet får sjå korleis det er å stå foran kamera med meg bak. Sjølv om det overhode ikkje kan samanliknas med bryllaupsdagen. Den stemninga som er då dei er i finstasen på den magiske dagen, gjerna letta stemning etter å vera ferdig med vielsen og med forlovere til stades, får ein virkelig kun akkurat då. Då går det meir av seg sjølv og me får ein god blanding av naturlege og morsomme bilder. 

 

På bryllaupsdagen møtte eg i kyrkja som avtalt, ein halvtime før vielsen. Der var brudgommen og forlovar samt nokre få gjester komt og dei satte seg allerede for å venta. Ein halvtime før bruden skulle ankomma. Eg merka at stemninga var litt smånervøs og spent. Ikkje unaturleg det. Og tenkte at der kan dei ikkje sitta ein heil halvtime. Eg tipsa dei om å ut å gå og drøsa litt med gjestene som kom. Det takka Espen veldig for etterpå. 

Nydeleg brud ankom og gongen var fullt opp av fine brudepiker og svennar. Deira egne ungar i front, med ein flokk tante- og onkelungar bak. Det var ein festleg vielse med ein artig prest. Han hadde nokre gode spøkar og kommentarar på lur til stor latter frå salen. Etter ei stund blei det litt bevegelse i ungaflokken som satt på fremste rad. Då vinka presten dei opp til seg og daba i lag med dei.

Etter vielsen kjørte me til Ledaalparken. Der hadde me god tid til å ta ein skål, eta litt, knipsa litt, trekka litt frisk(!) luft og knipsa litt igjen. Både med ungar, uten ungar, med forlovere og brudepar kvar for seg. Eg elskar in between bilder. Det er ofta dei mest naturlege bildene.

​Eg blei med ut til lokalet der festen skulle fortsetta. Drivhuset på Bærheim, Drivhuset kafè. Der tok me litt oppstilte bilder med familie, venner og alle samla. Eg tok og litt av lokalet før eg takka for meg.

Takk Linn og Espen for at akkurat eg fekk bli med på den store dagen dykkars. Det e verkeleg ei æra og eg set veldig stor pris på det. Dykk er likanes folk og eit herlig par. Skulle ikkje tru at du var frå byen, Espen ;-) Ok, den var litt intern.