top of page
Fam Hauge-22.jpg

Hei! Detta er meg.

Eg er 38 år. Bur på Fister i Ryfylke saman med med Joar og borna våre Jonah, Frida og Lyder. I tillegg til mitt firma Feien og Fjong driv me gard. Me har mjølkekyr, verpehøns og driv Ryfylke gardsysteri der me lagar ost og yoghurt. I tillegg har me nokre geiter, katt og kanin, som jo høyrer gardar til.

Eg har jobba som interiørkonsulent sidan 2005 og starta med å ta fotooppdrag i 2015. Eg har studio i Meieribygget i Årdal, men brukar naturen vel så mykje og likar meg absolutt best der.

 

Heilt sidan eg vant mitt første Olympus kamera som 9åring har eg fotografert masse. Eg starta med å fotografera alle dyra mine. Og det var ikkje få. Eg er overbevist om at det er det som har gjort meg til ein god fotograf. Så takk til mamma for at du brukte penger på å framkalla alle bildene eg tok. For det var heller ikkje få. Det vise seg jo nå, at pengene er vel investert.

Eg har sansen for ekta, naturlege og levande bileter. Det er viktig for meg at du som er foran kamera er avslappa og gjer det som er naturleg for deg. Ok, alt er kanskje ikkje lika naturleg, men det skal i alle fall vera ekta. Eg prøver å ikkje gje for mange instrukser, men heller be deg/dykk som er foran kamera om å berre gjere noko som er naturleg der og då. Er det eit par eg har foran meg kan det vera å snakka om noko morosamt eller heilt vanlege ting eller gje kvarandre ein klem. Er det eit barn kan det vera småting som å plukka opp ein blomst eller eit blad, sjå på den skya der eller gje far ein klem. Ofta når eg tar ned kamera og har ein liten pause viss me f.eks flyttar på oss og dei er 100% avslappa, kjem øyeblikket. Då er eg kjapp med å ta opp kamera igjen. Det artige er at den foran kamera ikkje alltid merker det ein gong ettersom me ikkje har stilt oss opp for å fotografera.

 

Har du spørsmål om dei ulike pakkane og fotografering, ikkje nøl med å ta kontakt. Ring meg så snakkar me litt om det du lurer på. Eg er nokså fleksibel mtp lokasjon og strekker meg langt for å få tidspunkt og stad til å passa. Men etter at eg byrja med bryllaupsfotografering og sidan me har gard og kydne og hønsa ikkje akkurat tar helg frå sin jobb, har eg blitt nokså gnien på helgene. Eg fotograferer difor svært sjelden helg, utanom bryllup sjølvsagt, men det er lov å spør :-)

Kontakt meg:

Studio: Meieribygget i Årdal

Ryfylkevegen 5469,

437 Årdal i Ryfylke

hilde@feienogfjong.no

Tlf.: 976 35 791

Supert! Meldingen er sendt til e-postadressa mi.

bottom of page