top of page

"Hilde vise at ho trivst bak kamera, har auge for detaljar og sans for naturlege bilete.

 

Sommaren 2016 tok ho bilete i bryllaupet vårt. Etter denne dagen sat me igjen med tanken om at det å leiga inn fotograf, var noko av det kjekkaste me brukte pengar på. Hilde stod på frå tidleg føremiddag til seint på kveld, og klarte å fanga både store og små øyeblikk med kameraet. Dagen blei foreviga gjennom mange gode bilete.

 

Når me skulle velja fotograf til å ta nyfødtbilete, var valet lett. Til tross for at Hilde nettopp hadde kome heim frå ferie, stilte ho opp. Ikkje berre ein dag, men to – då den litle ikkje var heilt i humør den første gongen. Hilde knipsa i veg, og fekk tatt så mange fine bilete at det var vanskeleg å velja ut 10 favorittar. Me har allereie eit ønske om at ho skal ta 1-årsbilete av dottera vår.

Kan verkeleg anbefala Feien & Fjong."

M og K, november 2017

Video Channel Name

Video Channel Name

bottom of page